Sider

Viser innlegg med etiketten nynorsk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nynorsk. Vis alle innlegg

torsdag 27. mai 2010

Berre ein att!

No har eg berre ein skritfleg eksamen att. Deilig! Som du kanskje skjønnar, så er det nynorsk. Eg må berre få skrivi litt nynorsk, så eg får det litt inn i "handa" att. På onsdag hadde eg matte eksamen, R2. Det gjekk, meir er det ikkje å seie om den saka. Utroleg herleg å bli ferdig med den. Trass i alt, er det den som er vanskeligast. Men eg innrømmer at eg gler meg ikkje til eksamen i morgon. Nett no er eg dritt lei av å finne ut om det er komma, ikkje hugse om ordet er nynorsk eller ikkje, og tanken på å skrive ein lang teit oppgåve i morgon gjer meg ikkje akkurat glad. Men det går vel det òg.

For å førebu meg til i morgon har eg byrja å lese "skammarserien" att. Det er ei serie på fire bøker, skrevet av Lene Kaaberbøl. Eg var hekta på dei bøkene når eg gjekk på ungdomsskula. Eg byrja på første bok før tentamen, så fortsette eg for noen dagar sidan. Men så blei eg hekta, så i går var eg på biblioteket i Arendal og lånte resten. No er eg halvvegs i bok nummer tre. Det er ikkje værst.

Følte eg eigentleg ikkje hadde så mykje meir å seie. Blir herleg å ha over ei veke fri. Det er draumen og berre vere på Borgen utan å ha noe skulearbeid som må gjerast. Berre gå rundt å ha det gøy. Sjå på film heile natta, kveldsturar til "Happytime" og kjøpe kebab, spele volleyball på den nye "beach"banen, rett og slett bere hengje med folk. Men no trur eg eg tek meg ein tur til Mc'ern. Eg åt ikkje så mykje til kvelds, og eg er ein smule lei av å berre vere på rommet. Vi snakkast seinare. Kryss fingrane for eksamen, og ønsk meg lykke til ;-)

torsdag 3. desember 2009

Kva skal eg skrive?

Nett no sit eg her foran Tina sin datamaskin og øver til nynorsk tentamen. Eg kan ikkje bruke mi egia fordi ho er svart. Altså skjermen. Heldigvis tok eg ein "backup", eller bækopp som vi ville ha skrivi det på norsk, i går så eg mistar ingen bilde eller skulearbeid. Men det var jo som forventa. Dagens teknologi er jo ikkje til å stole på. Forrige datamaskin klikka tre gonger på 2 år. Etter tredje gongen sendte eg han inn til reperasjon, men då mista di han. Men det gjorde jo ingen ting, for då fekk eg ein ny ein. Altså den som ligg ved sia meg med svart skjerm. Den har eg hatt i to år no, så det var vel som forventa. Acer er ikkje til å stole på.

Men det er ikkje berre datamaskiner som klikkar. Det gjer mobiltelefonane òg. I alle fall mine. I det du skal skru han på på morgonen så vil han plutseleg ikkje starte. Han er like dau som det norske språket, i følgje språkdirektøren Sylfest Norheim. Vi får ikkje håpe han er like skarp som han høyres ut som. Det ville jo ha vori litt trist visst at eg ikkje kunne skrivi slik lenger.

Men over til desse mobiltelefonane. Berre i år har eg praktisktalt klart å drepe to telefonar. Ja , eg innrømmer at eg er ein syndar. Den første byrja bare med å skru seg av å på heile tida, så det blei umogleg å bruke han. Derfor gjekk eg tilbake til reserve telefonen, men etter å ha mista han i bakken seks gonger på ein dag blei skjermen kvit. Men eg fikk fortsett snakka i telefonen og skrive meldingar. Eg fikk berre ikkje lest dei.

Eg vil eigentleg ikkje nevne at eg berre har hatt Nokia telefonar fordi eg er Nokia patriot. Nokia er og forblir best. Eg har nemleg høyrt om ein som har blitt vaska i vaskemarskinen og ei som datt i eit oljespann og begge lever eit godt liv i dag.

Men no må eg slutte. Vi snakkast!