torsdag 27. mai 2010

Berre ein att!

No har eg berre ein skritfleg eksamen att. Deilig! Som du kanskje skjønnar, så er det nynorsk. Eg må berre få skrivi litt nynorsk, så eg får det litt inn i "handa" att. På onsdag hadde eg matte eksamen, R2. Det gjekk, meir er det ikkje å seie om den saka. Utroleg herleg å bli ferdig med den. Trass i alt, er det den som er vanskeligast. Men eg innrømmer at eg gler meg ikkje til eksamen i morgon. Nett no er eg dritt lei av å finne ut om det er komma, ikkje hugse om ordet er nynorsk eller ikkje, og tanken på å skrive ein lang teit oppgåve i morgon gjer meg ikkje akkurat glad. Men det går vel det òg.

For å førebu meg til i morgon har eg byrja å lese "skammarserien" att. Det er ei serie på fire bøker, skrevet av Lene Kaaberbøl. Eg var hekta på dei bøkene når eg gjekk på ungdomsskula. Eg byrja på første bok før tentamen, så fortsette eg for noen dagar sidan. Men så blei eg hekta, så i går var eg på biblioteket i Arendal og lånte resten. No er eg halvvegs i bok nummer tre. Det er ikkje værst.

Følte eg eigentleg ikkje hadde så mykje meir å seie. Blir herleg å ha over ei veke fri. Det er draumen og berre vere på Borgen utan å ha noe skulearbeid som må gjerast. Berre gå rundt å ha det gøy. Sjå på film heile natta, kveldsturar til "Happytime" og kjøpe kebab, spele volleyball på den nye "beach"banen, rett og slett bere hengje med folk. Men no trur eg eg tek meg ein tur til Mc'ern. Eg åt ikkje så mykje til kvelds, og eg er ein smule lei av å berre vere på rommet. Vi snakkast seinare. Kryss fingrane for eksamen, og ønsk meg lykke til ;-)

Ingen kommentarer: